HS Rise Bygg er ein byggentreprenør lokalisert i Hareid kommune.

Vi utfører det meste av bygge- og entreprenørtenester, alt frå å prosjektere og bygge skular, sjukeheimar og forretningsbygg, til å bygge einebustadar og garasjar. Selskapet har om lag 35 eigne tilsette. Våre medarbeidarar er ei fin blanding av dyktige fagarbeidarar, kompetente ingeniørar og teknikarar.

Målsetjing

Dyktige medarbeidarar, rett utstyr, god planlegging og gjennomføring skal gjere HS Rise Bygg til den mest effektive entreprenørverksemda i regionen. HS Rise Bygg skal vere den leiande entreprenøren med tanke på prosjektutvikling og gjennomføring av total- og hovudentrepriser i vårt område.

Kundar og samarbeidspartar

HS Rise Bygg skal vere ein kompetent og kreativ medspelar for våre kundar og samarbeidspartar. Vi tek ansvar og gjer vårt beste for å levere som avtalt. Ærlegheit og redelegheit mot alle vi forheld oss til er viktige grunnverdiar.

HMS

HS Rise Bygg har som mål å unngå ulykker både for eigne tilsette, og for våre underentreprenørar. Bedrifta arbeider aktivt med Helse, Miljø og Sikkerheit for å nå målet, og for å fremje god helse og trivsel på arbeidsplassen. Vektlegging av samarbeid på tvers i organisasjonen er derfor viktig.

Miljø

HS Rise Bygg skal være en engasjert entreprenør som jobber aktivt for å redusere miljøbelastningen fra våre prosjekt.

HS Rise Bygg er sertifisert Miljøfyrtårn. Les vår Miljøpolicy her.

Dersom dykk ønsker å få tilsendt årleg klima- og miljørapport, ta kontakt med oss på post@risebygg.no

Miljfyrtarn-norsk-farger.png