Behandling av personopplysningar hos HS

Når du bruker nettsidene våre eller er i kontakt med oss på andre måtar, behandlar vi personopplysningar om deg. Vi jobbar for at du alltid skal føle deg trygg når du gjev personopplysningar til oss. Nedanfor finn du derfor informasjon om personopplysningar som samlast inn, bakgrunnen for dette, og dine rettigheiter knytt til behandlinga av personopplysningar som vert samla inn.

Heimeside

Vi brukar «cookies» for å forbetre brukaropplevinga og optimalisere heimesida vår.
Ved å bruke nettstaden godtar du bruken av informasjonskapslar. 

Kontaktpersonar hos eksisterande og potensielle bedriftskundar

Vi behandlar opplysningar om kontaktpersonar hos eksisterande og potensielle bedriftskundar for marknadsføring, sal, administrasjon, dokumentasjon og oppfølging. Behandlinga av personopplysningar er basert på vår rettkomen interesse som består i behovet for å selje våre tenester og varer. Vi lagrar og utleverer opplysningar også der vi er rettsleg forplikta til det, for eksempel etter bokførings- og skatteforvaltningslova.

Det er frivillig for kontaktpersonar om de vil gi oss kontaktopplysningar, men av og til er det ein føresetnad for å inngå avtale at vi mottek dei opplysningane vi treng. Hentar vi inn personopplysningar frå andre, vil det som regel vere snakk om kontaktopplysningar, stilling, funksjon og arbeidsgivar. Kilde for opplysningar vil oftast vere kontaktpersonen sin arbeidsgivar. Vi kan lagre opplysningar så lenge vi meinar det kan bli bruk for dei, for eksempel for å dokumentere forhold rundt sal.

Kontaktpersonar hos eksisterande og potensielle leverandørar

Vi behandlar personopplysningar om kontaktpersonar hos eksisterande og potensielle
leverandørar for førebuingar, administrasjon, dokumentasjon og oppfølging.
Behandlinga av personopplysningar er basert på vår rettkomen interesse som består i
behovet for å kjøpe varer og tenester. Vi lagrar og utlevera opplysningar også der vi
er rettsleg forplikta til det, for eksempel etter bokførings- og skatteforvaltningslova.
Det er frivillig for kontaktpersonar om dykk vil gi oss kontaktopplysningane, men av og til er det ein føresetnad for å inngå avtale at vi mottek dei opplysningane vi treng. Vi kan lagre opplysningar så lenge vi meina det kan bli bruk for dei, for eksempel for å dokumentere forhold rundt innkjøp.


Jobbsøkjarar

Vi behandlar personopplysningar om jobbsøkjarar for å vurdere om dei er egna for den
jobben dei har søkt på. Behandlinga av personopplysningar er basert på vår rettkomen interesse i å tilsetje og i å dokumentere tilsetjingsprosessen. Det er frivillig å gi oss
opplysningar. Dei opplysningane du vel å gi oss, vil ha betydning for vår vurdering av
søknaden. Vi lagrar opplysningar i inntil eit år etter at tilsetjingsprosessen er avslutta.

Rettigheiter og klage

Du kan lese om dine rettigheiter som registrert på Datatilsynet si nettside. Dersom du meinar at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har beskrive her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, ønskjer vi at du tek kontakt med oss. Du står også fritt til å kontakte Datatilsynet, sjå informasjon om dette på Datatilsynet si nettside. 
Du kan til ein kvar tid trekke tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hos oss, sjå kontaktinformasjon under. 

Behandlingsansvarlege og kontaktinformasjon

Behandlingsansvarleg med oss er dagleg leiar Knut Arild Løvdal Stauri. For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar, kan du kontakte oss på: 


Adresse: Perhusvegen 24, 6783 Stryn
Pr. e-post: post@hs-bygg.no
Telefon: 57 87 68 50